Foto: Ole Ottar Karlsen Høgstavoll / Vikebladet

Etablerer kontor på Sunnmøre

Silje Urke Antonsen skal leie det nyetablerte mediebyrået Hensikt sitt nye kontor i Ulsteinvik.

*Artikkelen er hentet fra og publisert først på Vikebladet.no. Klikk for å gå direkte til artikkel. Tekst og foto: Ole-Ottar Høgstavoll*

Ulsteinvikaren skal leie det nye kontoret som det nyetablerte mediebyrået Hensikt har oppretta i Ulsteinvik. Ho får også kontorstad i Ålesund, og blir ansvarleg for Nordvestlandet.

Antonsen fortel at byrået ønskjer å hjelpe små og mellomstore verksemder, som ofte ikkje har dei største budsjetta å nytte til å eksponere seg sjølve. Hensikt skal i følgje ho hjelpe slike verksemder med digitale kommunikasjonsutfordringar.

- Det er mykje snakk om digitalisering og automatisering, folk forstår det er viktig og har eit stort ønskje om å henge med. Samstundes føler mange seg rådville og veit ikkje i kva for ende dei skal starte, seier Silje Urke Antonsen.

Har kome godt i gang

Mediebyrået Hensikt blei etablert like før årrskiftet i 2016, og det er dei tidlegare digitaldirektørane i Omnicom og Amedia, Thomas Straw og Lars Hordnes, i tillegg til tidlegare teknologidirektør i RED, Joakim Sand, som står bak byrået.

- Thomas var min sjef då eg jobba i Omnicom og Resolution Media, og eg er veldig audmjuk over å få lov til å jobbe med og lære av han og dei andre.

- Silje har kome godt i gang og har allereie hjelpt mange lokale bedrifter med deira digitale fotavtrykk, fortel Lars Hordnes.

 I tillegg til kontor i Ulsteinvik og Oslo, har byrået oppretta kontor i Tromsø og Drammen.

Hensikt 
Øvre Slottsgate 17, 0157 Oslo

Tlf. +47 911 71 325
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.